• How can we be sustainable?
  • The History – Historien
  • Contact – Kontakt
  • Astanel bloggen
  • Responsibility – Ansvar
  • How can we be sustainable?
  • The History – Historien
  • Contact – Kontakt
  • Astanel bloggen
  • Responsibility – Ansvar
Kategorier
  • Astanel bloggen (7)
  • Prosjektstyring (5)
  • Regionreform (5)
  • Responsibility – Ansvar (2)
  • Samferdsel (5)
Image Not Found On Media Library
Image Not Found On Media Library
3 MIN READ

Ulstein, Hareid og dei andre – ein felles arbeidsmarknad

11/04/2016
-
Astanel bloggen, Regionreform, Samferdsel
<?php echo pulse_output(); ?>

Vikebladet Vestposten dekka prosessen med samanslåing av våre to kommuner her på Hareidlandet på ein etter mi meining mangelfull, snever og tendensiøs synsvinkel, nemleg den «store gjelda» til Ulstein, målt som brutto gjeld delt av talet på innbyggarar, som eit argument for Hareid om å ikkje slå seg saman med Ulstein. Avisa prioriterer einsidig spalte- og nettplass på lesarinnlegg om at det vil verte på Hareid sin kostnad om dei skulle kunne velje og gjere det. Det er relativt tydeleg kva redaktøren i Vikebladet (som er frå Hareid) vil med ei slik einsidig dekking av ei viktig sak for innbyggarane på Hareidlandet. Det er eingong ikkje eit val for Hareidsdølingane å kunne slå seg saman med sine brødre og søstre frå Ulstein. Den offisielle og lite grunngjevne årsaka frå Hareid Kommune er at det vert for puslete, utan noko nærmare konsekvensutgreiing.

Ulstein Kommune er mest sannsynleg den kommuna av desse to som er best i stand til å svare for gjelda si. Det er ikkje tema hverken i Hareid Kommune eller i Vikebladet. Det er mykje god dokumentasjon om prosessen på dei to kommunane sine respektive heimesider. Ut i frå mitt primære ynskje om at Hareid og Ulstein bør slå seg saman, har myndigheitene lagt til rette for kan vi sjå verknaden på ulike kriterier og konsekvensar i denne linken.

Innbyggarane i Ulstein Kommune har fått lagt fram alternativet  om å danne Runde kommune saman med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven eller fortsette som sjølvstendig kommune. Heimesida til Ulstein Kommune har ein link til økonominotatet som er lagt til grunn for intensjonsavtalen, og gir eit rettferdig bilde av stoda.

Ordførar Jan Berset og etterfølgjaren Knut Erik Engh i Ulstein Kommune har fridd til Ordførar Riise i Hareid Kommune utan at det har ført fram. Kvifor vil Hareid ikkje slå seg saman med Ulstein? Det vert for puslete med 2 kommuner vart det sagt, likevel er kommunene i dag gjensidig avhengige av kvarandre, stend det å lese i referatet frå møtet som partane hadde den 31. august 2015. Puslete javel, men er det gjort noko arbeid for å sjå korleis vi betre kan utnytte sårt tiltrengte ressursar?

Hareid Kommune har inngått ein intensjonsavtale med Ålesund, Giske, Haram, Sykkylven, Sula, Stordal, Ørskog og Skodje kommune. Noko som må seiast å kunne verte ei sterk kommune på mange områder. Dette er eit alternativ som innbyggarane i Ulstein ikkje har.

Dersom Hareid ikkje ser Breisundet som noko hindring, kva konsekvensar vil det få for Ulstein og alternativet Runde «kommune»? Dette spørsmålet får henge i lufta til veljarane har sagt sitt.

IMG_6784

Ei av perlene som eg personleg set stor pris på. Utsikt mot Vartdal og Sunnmørsalpane frå Hareid.

Framveksten av informasjonssamfunnet, global oppvarming og teknologisk utvikling utfordrar oss til å organisere og leve liva våre på andre måtar i framtida enn kva som har vore tilfelle dei siste 50 åra. Utfordringane med global oppvarming, ufred og teknologisk utvikling fordrar at vi har evne til å utnytte ressursane våre lokalt på betre måtar enn kva vi har hatt høve til.  Effektiv utnytting av samfunnet sine ressursar, starte nye bedrifter og ta vare på eksisterande verksemder og arbeidsplassar vil vere viktige suksesskriterier også i framtida, det vil ikkje endre seg. Vi må skaffe oss fleire bein å stå på – marknadsorientering, rekruttering, opplæring og utvikling – vår evne til å konkurrere er den «beinharde» realiteten vi har å halde oss til. Det kan gjerast lystbetont og med trivsel.

Ulstein som motor i ein slik samanslåingsprosess med sine mange bedrifter, private arbeidsplassar og arbeidstakarar har det vore lite fokus på i ein viktig og nødvendig samanslåingsprosess. Her har vi mykje til felles med Herøy. Underteikna trur nok at begge desse to kommunane kan klare seg åleine i framtida, men det vil ikkje vere fornuftig for nokon av dei.

NEXT POST →
Autonome regionar

Related News

Other posts that you should not miss.

Avgrensing av ansvar

05/02/2019
-
Posted by Jan Arild Roppen

Informasjonen som de finn på Astanel AS sitt webområde (https://www.astanel.no) med undersider og postar, er kunn meint som generell informasjon og …

Read More →
Astanel bloggen, Prosjektstyring, Regionreform, Responsibility - Ansvar, Samferdsel
2 MIN READ

Arbeidsmetodikk

24/01/2019
-
Posted by Jan Arild Roppen

Astanel brukar vanlegvis den kjende metodikken om «Forbedring i 7 trinn» når vi får eit nytt prosjekt eller oppdrag. Prosessen kan …

Read More →
Astanel bloggen, Prosjektstyring
1 MIN READ

Elektroniske faktura

17/01/2019
-
Posted by Jan Arild Roppen

Astanel sine kundar og leverandørar kan no motta og sende elektroniske faktura til selskapet og på denne måten få ein raskare …

Read More →
Astanel bloggen, Prosjektstyring
1 MIN READ

Astanel AS
, Ulsteinvik, Møre og Romsdal, Norway

Astanel | Ulstein, Hareid og dei andre – ein felles arbeidsmarknad